Utanlandske tilsette frå 10 nasjonar deltar på norskkurset.

Utanlandske tilsette frå 10 nasjonar deltar på norskkurset. Picasa

Bedrifter satsar på "pauseprat"

Korleis kan vi hjelpe dei utanlandske arbeidstakarane våre til å delta meir aktivt i arbeidskvardagen? tenkte fleire bedrifter i regionen. Industrilaget visste råd.

Då medlemsbedrifter i Nordhordland Handverk- og Industrilag ønskte norskkurs til sine utanlandske arbeidstakarar, tok Industrilaget kontakt med Læringssenteret i Lindås.

Kontakten vart raskt til eit samarbeid , to fullteikna kursrekkjer og ei venteliste!

I haust starta 44 motiverte arbeidstakarar på kurset, som mellom anna skal lære dei nok norsk til ein prat med kollegaer på pauserommet.

Rosar initiativet

Gunn Elisabeth Melgaard Aase er einingsleiar for Lindås Læringssenter. Ho synes prosjektet er spennande, og gler seg til å følgje utviklinga til dei 44 deltakarane.

– Det var ein motivert gjeng som møtte til første «skuledag». Samtlege møtte opp, hadde kjøpt boka og var klare til å lære, fortel Gunn Elisabeth.

Kurset inneber tre timar undervisning i veka – totalt 75 timar. Bedriftene finansierer heile kurset. Dei legg også til rette for deltakinga, og unngår å be arbeidstakarane sine om overtid dei ettermiddagane kurset føregår.

– Det er kjekt å sjå at bedrifter i regionen tar eit ansvar utover det vi normalt vil forvente, seier Gunn Elisabeth og rosar bedriftene for initiativet.

Kurs og møtestad

Om lag 10 morsmål er representert på kurset. For nokre av deltakarane er norsk eit heilt nytt språk, andre kan litt meir. Ulike bakgrunnar til tross, deltakarane har det til felles at dei har flytta frå heimlandet sitt og fått arbeid i ei bedrift i regionen.

– Det er krevjande å lære seg norsk med berre tre timar undervisning i veka. Skal deltakarane få noko ut av kurset, må dei jobbe heime – og bruke språket mest mogleg, seier Gunn Elisabeth.

I tillegg til sjølve norskopplæringa, håpar ho at kurset kan vere ein arena der deltakarane kan dele erfaringar og vere ein støtte for kvarandre.

I første omgang er kurset eit prosjekt. Ei eventuell vidareføring vert tema, når kommunen og Industrilaget evaluerer tiltaket til våren.

 

Trykk her for å lese meir om dei ordinære tilboda til Læringssenteret. 

Bilete: Anja Fanebust, Avisa Strilen

Kurset kom i stand etter ønske frå bedrifter i regionen.
Kurset kom i stand etter ønske frå bedrifter i regionen.
Kurset kom i stand etter ønske frå bedrifter i regionen.
Web levert av CustomPublish