Barnevaksinasjonsprogrammet

Barn og unge får tilbod om anbefalte vaksinar på helsestasjonane og skulane i kommunen.

Kven er tilbodet for?

Barn og unge i alderen 0 til 20 år.

Korleis får du tilbodet?

Barnet ditt får tilbod om dei nødvendige vaksinane når de er på kontroll på helsestasjonen. Seinare får barnet ditt tilbod om vaksinar på skulen.

Kva tilbyr vi?

Dei første 16 månadane inviterer vi deg og barnet ditt til hyppige kontrollar og samtalar med helsesøster og lege. Deretter får de tilbod om kontroll kvart år.

Samtalane på helsestasjonen kan vere individuelle eller ilag med ei barselgruppe. I barselgruppa møter du foreldre med barn i same alder.

Trykk her for å lese meir om barnevaksinasjonsprogrammet på heimesida til Folkehelseinstituttet.

Kven møter du?

Du møter helsesøster.

Kva kostar det?

Vaksinene i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.

Influensavaksine og reiservaksiner får du hos fastlege eller reisevaksineklinikk. Desse vaksinane må du betale for. 

Web levert av CustomPublish