Bad eller kjøkken

Du treng ikkje å søkje dersom

  • du skal installere, rive, endre eller reparere våtrom, kjøkken og enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor same brukseining eller branncelle.

Hugs at rommet må være godkjent for varig opphald. Dersom det ikkje er godkjent for varig opphald, må du søke om bruksendring.

Trykk her for å lese meir om bruksendring.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom

  • brannskillet blir brote eller når du gjer endringar i bærande vegg eller konstruksjon (brannskillet blir som regel brote når du skiftar sluk eller soilrør).
  • du skal opprette nye bueiningar med bad eller kjøkken.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Kva kostar det?

Prisen er frå 7.000 kroner.  For bruksendring er gebyret 16.400 kroner.  Gebyret er det same for avslått sak.

Dersom det du søker om krev dispensasjon, kjem det eit gebyr på 9.650 kroner per dispensasjon i tillegg.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine søknadsskjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Til bad og kjøkken, brukar du søknadsblankett 5174 og 5175.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre.
  4. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Du kan også ta kontakt med kundesenteret på rådhuset tysdag og torsdag i tidsrommet 09.00 – 11.30 og 12.00- 15.00, anten ved oppmøte eller på telefon 56 37 51 00.

Trykk her for å lese meir om kva vi kan hjelpe deg med på kundesenteret.

Web levert av CustomPublish