Avløpshandtering

I Lindås er om lag halvparten av bustadane i kommunen knytt til det kommunale avløpsanlegget. Resten har anten eit privat anlegg eller er knytt til eit privat fellesanlegg.

Kommunen skal sørge for at avløpsvatnet frå alle eigedomar, som er knytt til det kommunale avløpsnettet, vert leda vekk på ein trygg måte.

Kommunen er «forureiningsmynde» og har ansvar for tilsyn på:

  • Alle avløpsanlegg som slepp ut mindre enn 50 pe (sjå ordforklaring under)
  • Utslepp av avløpsvatn frå tettstadar med samla utslepp på mindre enn 2.000 pe til ferskvatn/elvemunning og mindre enn 10.000 pr til sjø
  • Utslepp av oljehaldig avløpsvatn
  • Påslepp til offentleg avløpsnett

PE er ei forkorting for personekvivalent. Nemninga vert brukt for å finne ut kor mykje avløp som vert generert i eit område. Enkelt sagt, går det an å seie at 1 pe er lik utsleppet som 1 person i husstanden generer. I snitt reknar ein at kvar husstand tilsvarar 3,5 PE. Trykk her for å lese meir om PE.

Ei rekkje lovar og reglar er førande for kommunen sitt arbeid med avløpshandtering. Desse er skildra i kommunen sin hovudplan for avløp. Planen er politisk godkjent, og seier kva avdelinga Teknisk drift VA skal prioritere i planperioden.

Web levert av CustomPublish