Avlastning i institusjon

Dette er hjelp til pårøande med særleg tyngjande pleie- og omsorgsoppgåver. Du kan søkje avlasting for ein eller fleire periodar. Du kan også søke om rullerande avlasting. Målet med avlastingsopphald  er å utsetje behovet for ein institusjonsplass, slik at du kan bu heime lengst mogleg.

Kva får du?
  • du får forsvarleg helsehjelp
  • du kan delta på sosiale aktivitetar i institusjonen
  • du får alle måltider
  • omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver
Krav til søkjar
  • du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
  • du bur heime
  • du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen
  • du har ikkje rett på transport, men kan be fastlegen din om å skrive ut drosjerekvisisjon
Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. Det er ikkje eigenbetaling for denne tenestea.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for rullerande avlastning er 1. september kvart år.  Vi gir vedtak om avlasting for eitt år om gangen.

Andre søknadar behandlar vi etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

 

Web levert av CustomPublish