Avlastning for barn og unge

Avlasting er eit tilbod til barn og unge med spesielle behov. Målet med tenesta er å gi hjelp til familiar og omsorgspersonar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver.

Som hovudregel er tilbodet vårt døgnavlasting eller timeavlasting ved Kvasten avlastingsbustad. Timeavlasting før og etter skuletid for elevar ved vidaregåande skule skjer på Knarvik arbeids- og aktivitetssenter.

For barn og unge, der avlasting i Kvasten avlastingsbustad ikkje er rett avlastingsform, kan vi gi tilbod om aktivitetsbasert avlasting i grupper. Denne tenesta består av ulike aktivitetar, til dømes helgeturar og fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld.

Kva får du?
  • omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver
  • omsorgsytar får nødvendig fritid
  • omsorgsytar får høve til å delta i arbeid og samfunnsaktivitetar
  • du får forsvarleg helsehjelp
Krav til søkjar
  • du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
  • du bur heime
  • du må sende med kopi av vedtak om hjelpestønad
  • du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen

Dersom du er elev på ein grunnskule med skulefritidsordning, får du ikkje tilbod om avlastning i tida du har tilbod om skulefritidsordning

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for denne tenesta.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for avlasting i Kvasten avlastingsbustad er 1. september kvart år.  Vi gir vedtak om avlasting for eitt år om gangen.

Andre søknadar behandlar vi etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish