Avlastning i privat heim

Avlasting i privat heim er for barn og unge med spesielle behov. Tenesta er ei førebyggjande teneste  for familie og personar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Lindås kommune har ansvar for oppfølging av formell avtale med avlastingsheimen og vil tilby rettleiing ved behov.

Får eller treng du andre avlastningstilbod frå kommunen, vil vi samordne desse.

Kva får du?

  • han eller ho som yter omsorga får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver
  • omsorgsytar får nødvendig fritid
  • omsorgsytar får høve til å delta i samfunnsaktivitetar

Krav til søkjar

  • du må ha behov for særleg tyngjande omsorgsoppgåver som i hovudsak blir tatt hand om av familie eller andre omsorgspersonar
  • du som treng omsorga må bu heime
  • du må sende med kopi av vedtak om hjelpestønad
  • du som mottar avlasting må ha med nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som blir brukt dagleg

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å motta denne tenesta.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish