Asylmottaket opnar 1. april

Huseigar og Norsk Mottaksdrift er no klare til å starte drift av det nye asylmottaket på Vågseidet.

Den planlagde opninga av asylmottak for mindreårige flyktningar vart utsett, då servicebygget til Lune Huler brann ned til grunnen i desember 2015.

No har huseigar rydda tomta og fått på plass eit alternativt bygg. Norsk Mottaksdrift, som skal drifta asylmottaket, er klar til å ta imot mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år.

Norsk Mottaksdrift vil informere både kommunen og innbyggjarar i nabolaget når dei første ungdomane kjem.

Følg med på facebooksida til mottaket for oppdatert informasjon - https://www.facebook.com/lindasmottak/

 

Meir informasjon: Gå til artiklar på heimesida til kommunen

Web levert av CustomPublish