Ankeret aktivitetssenter

Ankeret aktivitetssenter er eit lågterskeltiltak for menneske med psykiske plager, der vi har fokus på å gjere kjekke ting i lag med andre.

Om tilbodet

Har du det vanskeleg og er mykje åleine? Då er kanskje Ankeret aktivitetssenter staden for deg!

Vi tilbyr ulike aktivitetar i nye, store lokalar i Ulvundbygget. På Ankeret aktivitetssenter bidrar alle etter evne og behandlar kvarandre med venlegheit og respekt. Ta med deg det du driv med heime, eller sjå om vi har utstyr du kan låne av oss.

Opningstider

Senteret har ope måndag, torsdag og fredag frå 09:30 til 15:00.

Kva får du?
  • Kvar dag mellom 10.30 og 11.30 inviterer vi til ein felles tur i nærområdet. Kle deg etter veret, og bli med oss ut!
  • Måndag er det kreativ dag der du kan ta med deg det du driv med heime og gjere det saman med andre. Vi kan sjå film, spele spel, lage kort, handarbeid. Vi har krakkegym eller tur. Vi går på tur kl 10.30, og lagar lunsj saman og et i 12-tida.
  • Torsdag er det aktivitetsdag. Kanskje blir det biljardturnering eller bordtennis? Nokre gonger drar vi på lengre turar. Vi set pris på forslag til turar og aktivitet, som du ønskjer å vere med på. Vi går på tur kl 10.30, og lagar lunsj saman og et i 12-tida.
  • Fredag har vi berre ope for kvinner. Denne dagen driv vi med handarbeid. Nokre dagar bakar vi litt. Vi går på tur kl 10.30, og lagar lunsj saman og et i 12-tida.
Kva kostar det?
  • Frukost: 29 kroner
  • Lunsj: 46 kroner
  • Kaffi/te: 5 kroner
Kvar finn du oss?

Kvassnesvegen 17
Underetasjen
5914 Isdalstø

Kontakt oss

Ring oss på mobil: 945 03 167
Vi svarar på mobilen i opningstida

Web levert av CustomPublish