Blålysetatane vil øve i området mellom Knarvik og Fyllingsnes.

Blålysetatane vil øve i området mellom Knarvik og Fyllingsnes. Foto: Silje Andvik Hoaas

Alarmen går to torsdagar i mai

Torsdag 7. mai og torsdag 21. mai vert det full utrykning i området mellom Knarvik og Fyllingsnes.

Øvinga er planlagt i tidsrommet mellom klokka 17:00 og 20:00 begge dagane. 

Nødetatane politi, helse og brann skal trene på ein skadestad i området mellom Knarvik og Fyllingsnes. Treninga vil føregå på kommunal veg i Sauvågen, og skal ikkje belaste hovudinnfartsårene - anna enn ved utrykning til øvinga.

Publikum må rekne med auka aktivitet av utrykningskøyrety i området når øvinga føregår.

 

Web levert av CustomPublish