Aktivitetsvenn for personar med demens

Lindås kommune har etablert tilbodet "Aktivitetsvenn" for personar med demens som bur heime eller i institusjon. Tilbodet blir administrert i lag med Ytre Nordhordland demensforening. Målet er å gi menneske med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen.

Ein aktivitetsven er ein frivillig som gjer aktivitetar saman med ein som har demens. Aktivitetsvenen og personen med demens blir kopla saman på bakgrunn av felles interesser.

I samarbeid med frivillige aktivitetsvener får demenssjuke moglegheit til å halde fram med sine fritidsaktivitetar.

For å kunne gi dette tilbodet til alle som ønskjer det, er det ein føresetnad at vi har nok frivillige som vil bli aktivitetsvenn. Du kan lese mer om dette tilbodet på heimesida til "Nasjonalforeningen for folkehelsen". Alle frivillige aktivitetsvenner vil få kurs og rettleiing av kontaktpersonar for tiltaket,

Kva får du?
  • Ein frivillig aktivitetsvenn å gjere kjekke aktivitetar i lag med.
  • Ein aktivitetsvenn som har felles interesser med deg.
Krav til deltakarane

Aktivitetsvenn er til for personar med demenssjukdom.

Kva kostar det?

Aktivitetsvenn er gratis.

Kurs for aktivitetsvenner

Alle frivillige som ønskjer å bli aktivitetsvenn må gjennom eit kurs for Aktivitetsvenner. Kurset går over seks timar, og blir arrangert på to kveldar. På kurset lærer du meir om:

  • aktivitetsven og frivilligheit
  • Nasjonalforeningen for folkehelsen.
  • rolla som frivillig
  • demenssjukdomar.
  • kommunikasjon med personar med demens
Kontakt oss

Treng du ein aktivitetsvenn eller vil du vere ein for andre? Ta kontakt med oss.

Britt Elin Soltveit Hansen, Ytre Nordhordland demensforening

Per-Ole Ekker, Lindås Frivilligsentral

Trykk her for å laste ned brosjyren vår om Aktivitetsvenn.

Web levert av CustomPublish