Aktivitetskafé for personar med demens

Møteplassar blir meir og meir viktig i samfunnet vårt. Ytre Nordhordland demensforening og Lindås kommune har i samarbeid ein aktivitetskafé som er tilrettelagt for deg med demens og dine pårørande. På kaféen kan du/de møte andre i same situasjon og ha det kjekt i lag.

Kva får du?
  • Ein god prat med likesinna.
  • Informasjon.
  • Lett servering.
  • Aktivitet og ein god latter. 
Krav til deltakarane

Aktivitetskaféen er til for personar med demenssjukdom og pårørande.

Kva kostar det?

Aktivitetskaféen er gratis.

Kvar er det?

Såta bu- og servicesenter (Knarvik)

Kvassnesvegen 14, 5914 Isdalstø

Når er det?

Siste onsdag kvar månad frå klokka 18.00 til 20.00.

Kontakt oss for påmelding

Britt Elin Soltveit Hansen, Ytre Nordhordland demensforening

Per-Ole Ekker, Lindås Frivilligsentral

Web levert av CustomPublish