Aktivitetar

Kajakk

Lindås kommune har ei rekkje flotte saltvasspollar og vassdrag som er godt egna for padling. Bergen og Omland Friluftsråd har avtale om bruk av ni område til rasting og telting langs fire padleløypar i og rundt Lindåsosane.

Rasteplassane er enkelt tilrettelagt med teltplass og bålplass. Gode utgangspunkt for å setje ut kano eller kajakk er Kvalvågnes, Vågseidet, Risa eller Lindås feriesenter. Du finn kart og meir informasjon om dette på friluftsrådet si heimeside.

Klikk her for friluftsrådet si heimeside

Dersom du er interessert i padling, bading og fiske har Bruvik Camping på Seim eit utval av aktivitetar for deg, med merka padleløyper med rasteplasser, kano- og kajakkutleie, samt gode fiskemoglegheiter.

Klikk her for å lese meir om Bruvoll Camping.

Alver hjort
Ligg i Alversund. Dette er eit hjorteoppdrett der ein kan møta dette vakre dyret på nært hald. Dei tilbyr kurs, slakteri og sal av tradisjonsmat frå hjort.

Klikk her for å lese meir om Alver Hjort.

 

Web levert av CustomPublish