A-ordning for arbeidsgjevarar

I januar 2015 skal alle arbeidsgivarar levere a-meldinga. Meldinga erstattar fem skjema som i dag vert levert Skatteetaten, NAV og Statistisk Sentralbyrå. Du bør forberede deg til ordninga allereie no. 

A-meldinga vil frå 2015 erstatte lønns- og trekkoppgåva, årsoppgåva for arbeidsgivaravgift, terminoppgåva, oppgåve til lønnsstatistikk og melding til Aa-registeret.

A-meldinga skal sendast elektronisk minst ein gong i månaden med opplysningar om arbeidsforhold og utbetalingar til alle dei tilsette. A-meldinga kan sendast via lønns- og personalsystem eller registrerast manuelt i Altinn.

Gå gjennom rutinar, system og arbeidsfordeling allereie no for å sikre at du kan levere opplysningar om lønn og tilsetjingar kvar månad.

Les meir om korleis du kan forberede deg på www.altinn.no/a-ordningen

Web levert av CustomPublish