samuel16

- Kan eg, så kan alle

Hundrevis av foreldre og ungdommar kom til Nordhordlandshallen for å høyra eventyrar Samuel Massie fortelja om å lukkast mot alle odds. 

Sjølv om ein ikkje passar inn i skulesystemet kan ein oppnå stor suksess. Berre ein har lidenskap for det ein gjer, set seg mål og gjennomfører dei. Ein skuletapar kan også gjere suksess. Det er noko bodskapen ein sit att med etter å ha høyrt Samuel Massie sitt engasjerande og vittige føredrag "Hald fast". Og det var nettopp det det handla om for 16- åringen som hadde droppa ut av skulen, fått diagnosen dysleksi, og hamna i politiet sitt søkelys. Men etter eit opphald på folkehøgskulen 69 gradar nord, tok livet ei vending. Samuel Massie blei berømt som eventyrar på seglskura Berserk saman med Jarle Andhøy etter eit tokt til Sørpolen som skulle endre livet deira. I dag er Massie populær programleder og føredragshaldar. Og ikkje nok med det; guten med lese og skrivevanskar har gitt ut bok som i dag er pensum på mange skular. Mest av alt er Samuel Massie sitt føredrag ein påminnar om at vi aldri skal gi opp menneska kring ein. Sjølv vann han tilbake trua på seg sjølv, og som han sjølv seier; - Kan eg, så kan alle. 

Populært tiltak

Etter føredraget fekk ungdomsrådet stilla spørsmål til Samuel frå scena.​ Dei lura mellom anna på om Samuel meiner foreldre i dag er flinke nok til å motivera og ha tru på ungdommane. Her kunne Samuel berre snakka for seg sjølv, men han fortalde at det var mor hans som søkte han inn på folkehøgskule bak hans rygg. Noko han synes var teit der og då, men som enda opp med å endra livet hans til det betre.

- Det er eg evig takknemmeleg for i dag, sa Massie.

Temamøtet onsdag var eit av tiltaka i "Kvalitetsplan for oppvekst" i Lindås som politikarane i kommunen samla seg om i 2016. Hovudmålet bak tiltaka i planen er å leggje til rette for ein trygg oppvekst der alle kan delta, meistre og lære. Temamøta i regi av Lindås kommune har vore særs populære, og er mynta på foreldre, ungdom, frivillige lag og organisasjonar og dei som jobbar med born og unge. 

 

Ungdomsrådet fekk stille spørsmål etter føredraget til Smauel Massie.
Ungdomsrådet fekk stille spørsmål etter føredraget til Smauel Massie.
Web levert av CustomPublish