Hoppemadrass er ein del av tilbodet på open hall.

Open hall i haustferien

Barn og ungdom mellom 10 og 18 er velkommen til open hall i Nordhordlandshallen og Lindåshallen i haustferien.

Open hall i haustferien er eit samarbeid mellom kommunen og Nordhordland Ballklubb og Lindås Idrettslag. 

Kven er open hall for?

Open hall er eit tilbod for barn og ungdom mellom 10 og 18 år. Barn under 10 år kan kome i følgje med føresette.

Vi ber foreldre om ikkje å senda barna til hallen før opningstida. Hallane er ikkje bemanna utanfor opningstida for open hall, og dørene vil vera låst.

Når er det ope?

  • Nordhordlandshallen er open mellom 12.00 og 16.00 måndag til fredag, 8. til 12. oktober
  • Lindåshallen er open mellom 12.00 og 17.00 måndag til fredag, 8. til 12. oktober

I Lindåshallen blir det open kiosk alle dagane. Torsdagen blir det pizzabord frå klokka 15.00. Dei som ønskjer billett til pizzabordet må melde ifrå til hallvertane innan klokka 17.00 dagen før. Pizzabilletten kostar 50 kroner per person.

Lurar du på noko?

Har du spørsmål om open hall? Ta kontakt med Atle Vaage på 945 30 126 eller atle.vaage@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish