Sjekk når du kan ta influensavaksinen
Vi ønskjer at flest mogleg skal vaksinere seg mot influensa. Sjekk om du er i ei av risikogruppene og bestill ein time hos legekontoret ditt.
Når kan du få vaksinen?
Ta kontakt med legekontoret ditt for nærare avtale om vaksinering.
- Knarvik legekontor vaksinerer tysdag 30. oktober og torsdag 1. november frå klokka 17.00 til 19.00
- Lindås legekontor vaksinerer kvar dag mellom klokka 13.00 og 14.30 frå veke 44
- Knarvik allmennpraksis vaksinerer måndag – torsdag mellom klokka 13.00 og 14.30 frå veke 44
- Ostereidet legekontor vaksinerer tysdag og fredag mellom klokka 13.00 og 15.00 frå veke 44
- Helsetunet legekontor vaksinerer tysdag 23. og onsdag 24. oktober.
Dersom du har legetime kan du få vaksine i samband med denne. Du kan også kontakt legekontoret ditt for nærare avtale om vaksinering.
Er du i risikogruppa?
Instituttet rår følgjande risikogrupper til å vaksinere seg:
- Alle som har fylt 65 år
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
- Barn og vaksne med:
- diabetes mellitus, type 1 og 2
- kronisk luftvegssjukdom
- kronisk hjarte- og karsjukdom
- kronisk leversvikt
- kronisk nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
- nedsatt immunforsvar
- svært alvorleg fedme (BMI over 40)
- annen alvorleg eller kronisk sjukdom
- Gravide frå 12. uke i svangerskapet
Av førebyggande omsyn, rår vi i tillegg følgjande grupper til å vaksinere seg:
- Helsepersonell med pasientkontakt
- Husstandskontaktar til personar med nedsett infeksjonsforsvar
- Svinerøktarar og andre med regelmessig kontakt med levande grisar. Hovedhensikten med vaksinasjon av svinerøktere er å beskytte grisene mot influensasmitte, og dermed hindre utvikling av virus med nye egenskaper i svinebesetningene.
Meir informasjon om influensavaksine finn du på nettsida til folkehelseinstituttet.