Skule og barnehage stengt på Leknes

Straumen er enno ikkje tilbake på Leknes. Både skulen og barnehagen må difor halde stengt i dag.

Leiknes skule og Leiknes FUS barnehage er stengt i dag, fredag 21. september.

BKK har varsla at straumen ikkje kjem tilbake før tidlegst klokka 14.00. Det blir difor ingen SFO-tilbodet på Leiknes skule i dag.

Skulane på Eikanger, Myking, Kløvheim og Ostereidet har fått straumen tilbake. Dei har vanleg skuledrift. Straumen er ustabil på Eikanger, så dei vurderer situasjonen fortløpande. Treng du hjelp eller lurar på kva som er status der du bur? 

  • Sjekk www.bkk.no for oppdatert informasjon om arbeid på straumlinjene der du bur.
Varsle om stengde vegar?

Ikkje fjern sperringar eller rydd vegen sjølv. Meld ifrå og vent på mannskap frå kommunen eller Statens vegvesen.

Trykk her for å gå til oversikt over vakttelefonar i Lindås kommune.

Trykk her for å gå til Statens vegvesen sine trafikkmeldingar om fylkesvegar og europavegar.

Web levert av CustomPublish