6,8 millionar til breiband i Lindås

Lindås kommune har fått heile Hordalands-potten til breibandsutbygging.

– Dette er ei gladmelding for innbyggjarar og næringsliv i Lindås kommune, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Lindås kommune har søkt og fått avslag ei rekkje gonger dei siste åra. Sidan avslaget i februar har politikarar og tilsette i kommunen jobba aktivt for å synleggjere behovet til kommunen.

– No er det endeleg vår tur! Nasjonal kommunikasjonsmyndighet ser at det hastar for dei som bur og driv næring i kommunen vår, og har sett av heile potten til utvikling i vår kommune. Det er utruleg kjekt, seier ordføraren.

Ho takkar alle som har stått på og gjort ein jobb for å skrive den gode søknaden til Hordaland fylkeskommune, som sender sine prioriteringar til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Ordføraren ønskjer særleg å trekke fram alle dei gode innspela frå innbyggjarar i heile kommunen.

– Betre dekning er viktig for mange. Det er sjølvsagt eit pluss for innbyggjarane i kommunen, men også viktig for vidare utvikling av næringslivet vårt og tenestene til kommunen. Omsorgsteknologi er eit eksempel på ei framtidsretta teneste som vil få eit stort og viktig løft med betre dekning, seier ordførar Aarhus Byrknes.

Med tilskotet på plass, kan Lindås kommune utforme eit anbod – og be leverandørane om eit tilbod på utbygginga. Først etter denne prosessen kan kommunen seie kva område og kor mange husstandar som no vil få eit betre tilbod.

– Vi håpar på utbyggingsstart i andre kvartal i 2017, men må kome attende til detaljane, seier ein nøgd ordførar.

Web levert av CustomPublish