50 timar samfunnskunnskap

Vil du søke om permanent opphald eller norsk statsborgarskap? Då må du ha minst 250 timar norskkurs og 50 timar samfunnskunnskap.

I Lindås tilbyr vi kurs i samfunnskunnskap på:

  • Engelsk
  • Thai
  • Vil du ha kurs på andre språk? Ta kontakt.

På kurset får du lære om:

  • Å vere ny innvandrar i Norge
  • Historie, geografi og korleis vi lever i Norge
  • Barn og familie
  • Helse
  • Utdanning og kompetanse
  • Arbeidsliv
  • Demokrati og velferdssamfunn

Kva kostar det?

Kurset kostar 3000 kroner.

Kurset er gratis for deg som:

  • har fått ja til asylsøknad
  • er overføringsflyktning
  • har rett på opphald på humanitært grunnlag
  • har rett på opphald etter ja på søknad om familiegjenforeining
  • har rett på kollektiv beskytting

Slik melder du deg på kurs

  1. Trykk her for å gå til søknadsskjemaet vårt.
  2. Synes du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet? Ta kontakt, så kan vi hjelpe deg.

Slik melder du deg på prøve

Trykk her for å sjå korleis du skal melde deg på prøva i samfunnskunnskap.

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

Web levert av CustomPublish