Velkommen inn i framtidsbyen

Kva skjer med sola på balkongen min, om nabobygget vert seks etasjar høgt? Korleis kan eg utvikle næringseigedomen min?

I arbeid med områdeplanen for Knarvik sentrum, har Asplan Viak utvikla ein 3D-modell. 

Verktøyet gir innbyggjarar og aktørar ein unik moglegheit til å kikke inn i framtida - og sjå korleis byen faktisk utviklar seg når planen vert realisert. Modellen opnar døra til ditt eige hus eller din eigen næringseigedom. Her kan du setje deg på balkongen din, og sjå kva som skjer med ettermiddagssola om nabobygget vert seks etasjar høgt.

Trykk på denne lenka for å gå til 3D-modellen.

Tips (startar under biletet):

3Dmodell_lag.jpg

  • Bruk fanene øvst i det blå feltet til høgre
  • Under fana lag, kan du velje "Knarvik i framtida". Trykkjer du på pilane til høgre, kan veksle mellom Knarvik i dag og Knarvik i framtida
  • (Tipsa held fram under biletet)

3Dmodell_innstillingar.jpg

  • Under fana innstillingar (tannhjulet), kan du velje månad og tid på dagen. Du kan også velje kva type skygge du ønskjer å sjå (direkte skygge er tydelegast)
  • Du kan zoome og endre fokus med teikna nedst til venstre i biletet, eller med hjulet på musa di.
  • NB: 3D-modellen må opnast i nettlesarane Firefox eller Chrome.
Web levert av CustomPublish