– Hent dei yngste skuleborna

Kommunen oppmodar foreldre i Lindås om å hente dei yngste borna som ikkje har skuleskyss – etter skuletid.

Skjer det noko kritisk der du er etter 15.30? Bruk vakttelefonane til kommunen.

Oppdatert 29. januar - klokka 14.50:

Ekspedisjonen vår er open kvardagar mellom 08.00 og 15.30. Blir situasjonen kritisk der du er? Ta kontakt med kommunen via vakttelefonane våre.

Trykk her for å gå til sida med oversikt over vakttelefonar i Lindås kommune.

 

29. januar 2016 - klokka 11.30:

Det er uvisst korleis ekstremveret Tor vil treffe dei ulike bygdene i Lindås kommune.

Kommuneleiinga følgjer situasjonen tett, og ber tilsette og innbyggjarane i kommunen om å gjere det same.

Vi ber spesielt foreldre om å vurdere situasjonen der deira born går på skule. Skal guten eller jenta di gå heim frå skulen – vurder om du kan hente sjølv eller samarbeide med ein nabo om hentinga etter skuletid.

Kjem det melding om straumbrot, ber vi foreldre om å hente skuleborna sine så snart dei kan.

Heimesida og facebooksida til kommunen vert oppdatert med ny informasjon, om situasjonen endrar seg i Lindås.

Web levert av CustomPublish