Mandag kveld mottok Olslo-guten Lars Lillo-Stenberg årets Medaaspris på DNS. Fotos: Eirik Blindheim.

Mandag kveld mottok Olslo-guten Lars Lillo-Stenberg årets Medaaspris på DNS. Fotos: Eirik Blindheim.

- Ein viktig pris for Lindås

Det var Lars Lillo Stenberg som var hovudpersonen under gårsdagens Medaaspriskonsert, men Sara Helen Romarheim sin magiske opning med Ivar`n sin eigen "Gje meg jorda til bustad" sette verkeleg standarden for ein stjernespekka kveld.

Mandag kveld mottok Olslo-guten Lars Lillo-Stenberg årets Medaaspris på DNS. Ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes fekk æra av å dela ut prisen, saman med borna til Ivar Medaas; Nils Medaas og Yngvill Skogen Medaas.

– Vi er stolte av å vera ein del av denne prisen, som ikkje berre er viktig for å fremja vår eigen kultur, men som også er med på å fremja lokale talent. Slik sette er prisen viktig på fleire enn ein måte, sa Byrknes før utdelinga. For det var, tradisjonen tru, eit ungt talent frå Lindås som åpna den stjernespekka utdelinga på Bergen si storstove. 19 år gamle Sara Helen Romarheim sette verkeleg stemninga og standarden for kvelden med ein nydeleg versjon av Ivar`n sin eigen "Gje meg jorda til bustad". ​

Hylla prisvinnaren

Prisvinnaren kvitterte med nokre av sine mest kjende songar, og blei hylla av artistar som Odd Nordstoga, Sigrid Moldestad, Sylfest Lomheim, Finn Tokvam og Claus Sellevoll. Sistnemnde leiar også styret bak Medaasprisen.                     

– I år ville Ivar Medaas fylt 80 år. Det gav oss eit fint høve til å spegla fleire sider ved han. Han spelte inn langt fleire songar enn «Gamle dampen», og alle er ikkje like kjende, seier Sellevoll.

Stril med hjarte for Oslo

Medaasprisen har også tidlegare vore delt ut til artistar frå andre landsdelar. Men å gje prisen til ein Frogner-gut som syng på riksmål?

– Medaasprisen var aldri tenkt å vera ein rein nynorskpris. Prisen skal hylla ein artist som gjer sitt eige språk og sin identitet til ein viktig del av eit kunstnarleg uttrykk. Vi meiner at Lars Lillo-Stenberg gjennom mange år har lukkast særleg godt med dette, svarar Claus Sellevoll, som leiar styret bak Medaasprisen.

Han peikar òg på at Oslo betydde mykje for Ivar Medaas.

– Han var ikkje gamle karen då han drog austover for å gå på vinterlandbruksskulen i Oslo. Han debuterte på Chat Noir, og i 1963 tok han hardingfela med seg på scena. Han vart ein braksuksess.  Etter fleire år vende han heim, men hovudstaden hadde alltid ein særleg plass i hjarta til Ivar.

 

19 år gamle Sara Helen Romarheim sette verkeleg stemninga og standarden for gårsdagens Medaaspriskonsert med ein nydeleg versjon av Ivar`n sin eigen "Gje meg jorda til bustad".
19 år gamle Sara Helen Romarheim sette verkeleg stemninga og standarden for gårsdagens Medaaspriskonsert med ein nydeleg versjon av Ivar`n sin eigen
Web levert av CustomPublish