- Det handlar om livskvalitet!

- Det er ikkje robotar vi snakkar om. Det handlar om at brukarane skal oppleve tryggleik og livskvalitet, sa ordførar Astrid Aarhus Byrknes under omsorgsteknologikonferansen ved Høgkolen i Bergen.

Lindås kommune har satsa sterkt på omsorgsteknologi og deltek mellom anna i eit forskingsprosjekt på omsorgsteknologi i samarbeid med Høgskolen i Bergen. Det var ein entusiastisk ordførar som delte kommunen sine erfaringar så langt med dei nær 300 deltakarane på omsorgsteknologikonferansen ved høgskolen på tysdag. 

Sparar institusjonsplassar

Ordføraren kunne avsløre at kommunen anslår å ha spart 13 sjukeheimsplassar så langt fordi fleire kan bu heime med den nye teknologien. Med ein kostnad på nær 800 000 kroner per sjukeheimsplass, kjem ein raskt oppp i store summar. 

- Omsorgsteknologien har gitt oss mange gevinstar. Det blir mogleg for brukarane å bu lenger heime, dei får betre livskvalitet og vi får meir ut av ressursane, understreka Byrknes. 

Lindås kommune har planlagt å installere omsorgsteknologi i inntil 250 bustader. Det er ei ny teneste som det lite kunnskap om i norske kommunar. Dei såg difor tidleg at dei måtte satse på kompetanse. 9 tilsette i kommunen har teke vidareutdanning i omsorgsteknologi ved HiB og 2 har teke vidareutdanning i rehabilitering for eldre. 

- Å satse på kompetanse blant dei tilsette har vore svært viktig. Omsorgsteknologiprosjektet har vore eit felles løft for kommunen og vi har vore opptekne av å forankre prosjektet i alle ledd, la ho til. 

Det er inga tvil om at helse- og omsorgstenestene vil møte store utfordringar i åra som kjem. Dette stiller krav til nye måtar å organisere tenestene på. Auka bruk av teknologi som støtte i omsorgstenestene opnar for nye moglegheiter. 

- Det er viktig å skape ein teneste som er bærekraftig over tid, poengterte Byrknes. 

Omstillinga må skje no

Leiar for nasjonalt velferdsteknologiprogram i Helsedirektoratet Lasse Frantzen understreka litt av det same som Lindås-ordføraren: 

- Vi står ovanfor eit utfordrande tidsskilje. Det er no vi må gjere omstillinga for å møte utfordringane i framtida. Det må ei radikal endring til i tenestene for å kunne lukkast. Vi har pågåande satsingar, men det er ingen teikn på ei robust og kraftfull nasjonal satsing på omsorgsteknologi slik vi har sett i andre land som til dømes i Storbritania, uttala Frantzen. 

"Kvite flekkar" på kartet er utfordrande for kommunar som ønskjer å tilby omsorgsteknologi til alle innbyggjarane sine. 

- Infrastrukturen eller dei tekniske vegane som omsorgsteknologien skal følge har vi sagt må vere på plass i 2017. Dekning av mobilnett og breiband er avgjerande for å lukkast, poengterte Frantzen. 

Han presenterte også å eit nytt verktøy for kommunane som blir lansert i juni. Den såkalla SAMVEIS-metodikken skal vise vei for kommunar som vil innføre omsorgsteknologi, frå idé til gjennomføring. 

Ein viktig møteplass

Det er fjerde året på rad at HiB arrangerer den nasjonale omsorgsteknologikonferansen. Høgskolen har satsa på omsorgsteknologi gjennom tverrfagleg samarbeid mellom helse- og ingeniørutdanninga, forsking, vidareutdanning av helsepersonell og etablering av eit omsorgteknologilaboratorium. 

Årets konferanse samla rekordmange deltakarar. Mange deltakarar kjem også tilbake år etter år.

- Dette fortel oss at omsorgsteknologi er eit område som mange interesserer seg for og at konferansen er ein viktig møteplass for mange, sa rektor Ole-Gunnar Søgnen. 

 

Artikkelen er skrive av Ingrid Hope, og publisert på Høgskolen i Bergen sine heimesider.

Les meir om omsorgsteknologikonferansen på Høgskolen i Bergen her.

Web levert av CustomPublish